21. februar 2011

Oppdatering frå Børtnesøygardan :)

Det går trått med blogginga mi...kjeme vist aldri heilt i gang med detta :-) Må liksom begynne heilt på nytt kvar gong sidan det blir så lenge mellom kvar gong. Jaja..eg prøver :-)

Det har skjedd litt her sidan sist... Eg har gått te investering av eit digitalt speilreflekskamera! Å e strålande fornøyd med da. Har meldt meg på fotoskolen te Marianne, så der får eg lært mykje med innstillinger :-)
Alt mulig blir knipsa :-)




Ellers så har eg tatt imot min første kalv åleine :-) Da va både kjekt og litt skummelt på same tida..kjem nok ikkje te å stresse sånn med det neste gang. No veit eg litt meir ka da går i :-) Kalven har fått det vakre navnet Cindi... (et navn Nøve ikkje syns va spesielt fint kunavn...men her på gården vil vi ikkje ha tradisjonelle kunavn ;-P ) Mora heite forøvrig Whitni og faren Cesar så syns Cindi va eit passande navn :-)

 Og med så fint ver vi har hatt i helga måtte jo mor og barn få seg ein tur ut :-)



Ikkje berre ungar som leikar i snøen :-)

No kan vi berre gå å vente på at det kjem fleir kalvar..... :-)

Har og fått ei lita frøken her sidan sist..som lika å ligga å sløva seg i stolen...


Heldigvis går både VesleFrøkna, GamlePus og Wilma godt i sammen :-)


Er ikkje ofte eg får tatt bilde av Wilma. Ho er enten for svart eller så sit ho ikkje i ro..
Så når eg endelig får te eit bilde må ho nesten får vera med ho og :-)

Men no får det være bra for denne gang..

Ha ei fin veke :-)


God natt :-)